"Me må ud å jaga bojje."

visittkort

Bjørg Njå, husflidhandverkar

Lagar og sel produkt i gamle teknikkar og mønster. Vev,- sprang og tvebinding vert brukt i produkter med eigen design. Tradisjonelle produkt som, sevsko, vevde åkle og løparar. Gjenskapar tekstiler i vev.
 

Tek i mot bestillinger og varierte oppdrag. Har verkstad heime på Njå, som er open før jul eller etter avtale. Deltek på messer og utstillingar. Seperatutstilling på Jærmuseet ”Sengepryd i ny skrud” mai-sept 2001 med gjenskapte tekstilar, slike som var i bruk på Jæren for 100 år sidan.
 

Sevsko
 

Eit tradisjonsprodukt, laga av natur materialet sev, som veks i ferskvatn. Sevsko vert brukt som innesko.
 

Teglfunn
 

Teglefunnet er ein sekk med tekstilar som vart funne i ei torvmyr i 1921 på Garden Tegle i Time. Sekken er sannsynligvis plassert i myra som ei offergåve. Funnet inneheldt både uspunne ull og meir og mindre ferdige tekstilar. Det finaste var ein strømpelegg i sprangteknikk. Teglefunnet er datert til ca år 400.
 

Tvebinding
 

Tvebinding er ein strikkemåte som er i ferd med å gå i gløymeboka.
 

Åkle
 

Eksempel på åkle som er gjenskapt i mønster, form og farge etter eit gammalt. ca 100 år
 

Sprang
 

Sprang er ein av dei elste handarbeidsteknikkarane ein kjenner til. Det er funne sprangarbeid i mumiegraver i Egypt som er frå fleire tusen år f.Kr. Det er og funne spangarbeid her i landet, i Teglefunnet.

Bjørg Njå i Norge Rundt

Bjørg har vært med i Norge Rundt og vis hvordan man lager sevsko:


Fletteteknikk


"En fletteteknikk fra jernalderen er rekonstruert på Jæren. Noen tøystykker og en sokk fra år 400 e Kr er utgangspunktet for nytt kunthåndverk."

http://www.nrk.no/programmer/tv/norge_rundt/1.6543196 eller

se sendingen her http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/478966/
 

Sivsko


"Ho har skodd både kongelege og folk flest. Bjørg Njå er ei av dei få som kan kunsten å laga sev-sko (eller siv-sko), men det er ein prosess som ikkje er gjort over natta."

http://fil.nrk.no/programmer/tv/norge_rundt/1.903660
vadm%c3%a5lsvev
Bjørg Njå ved veven
to tepper
Rosa åkle, gammalt og nytt
lampeskjerm
Lampeskjerm i sprang
hatter
Huer i tvebinding
funn
Rekonstruksjon av Teglefunnet, som Bjørg Njå laga på oppdrag til ei utstilling på Hå Gamle prestegard i 1994

Copyright © 2011 - Design: Lokomotiv Media

Njågarden - David Njå - Tlf 915 54 745 - post@njaagarden.no