"Me må ud å jaga bojje."

Nils Njå

Nils Njå er pr i dag aktiv pensjonist som driv mykje med trearbeid.  Han har laga alle borda i restauranten og i hagen, av eik og lerk, og driv ellers og dreier mykje finare arbeid i forskjellige tresortar.  Nils dreiv garden frå 1957 til 1991 og har bygt heile driftsbygningen slik han står i dag, redskapshuset og det eina våningshuset.  Han har og dyrka og grøfta mykje jord. Nils er utdfanna forstmann, og har planta mykje av skogen som er på garden.

På fritida har han vore aktiv med i politikken i Time, og i arbeidet med kulturvern på brei front.  Han har mellom anna vore med i arbeidet med Fotland mølle, og kraftsatsjon.  Mest kjent er han nok alikevel som styreformann og pådrivar for Jærmuseet dei fyrste 8 åra.  For kulturinnsatsen har Nils motteke Time kommune sin kulturpris: Timeglaset.
 

Her kan du laste ned en artikkel han har skrevet sammen med Målfrid Snørteland, styrar i Jærmuseet:

Raukollene på Jærmuseet
Last artikkelen ned her

Copyright © 2011 - Design: Lokomotiv Media

Njågarden - David Njå - Tlf 915 54 745 - post@njaagarden.no